Det er òg blant dei største pengebeslaga som er gjort i Noreg. Beslaget er gjort i forbindelse med Økokrim si etterforsking av det digitale angrepet mot selskapet Sky Mavis og spelet Axie Infinity.
– Økokrim er gode til å følge pengar. Denne saka viser at vi òg har stor kapasitet til å følge pengane på blokkjeda, sjølv om dei kriminelle bruker avanserte metodar, seier førstestatsadvokat Marianne Bender.
I mars 2022 blei fem milliardar kroner i krypotvaluta stole frå spelet. Ifølge Federal Bureau of Investigation (FBI) er det den nordkoreanske hackergruppa Lazarus som står bak. Rett etter angrepet starta hackarane ein storstilt kvitvaskingsoperasjon, med svært sofistikerte meodar, som dei enno held på med.
Samarbeid over tidssoner
Økokrim har over tid arbeidd med å spore utbytte frå tjuveriet saman med internasjonale partnarar. Økokrim og samarbeidspartnarane har følgt kvitvaskingsprosessen døgnet rundt.
Slik har Økokrim klart å følge mykje av pengane og vanskeleggjort kvitvaskinga for hackarane.
– Vi arbeider med FBI-spesialistar på sporing av kryptovaluta. Eit slikt samarbeid mellom land gjer at vi som samfunn står sterkare i kampen mot digital, profittmotivert kriminalitet, seier Bender.
Hindrar at pengane blir brukte til kriminalitet
Målet til kvitvaskarane er å få kryptovalutaen ut i andre verdiar som kan brukast i den fysiske verda.
– Dette er pengar som kan støtte opp under Nord-Korea og atomvåpenprogrammet deira. Det har derfor vore viktig å spore kryptovalutaen og forsøke å stanse pengane når dei prøver å ta dei ut i fysiske verdiar, seier Bender.
Økokrim vil fortsette å følge kvitvaskingsprosessen til hackarane og forsøke å stanse og beslaglegge pengar dei prøver å ta ut i den fysiske verda framover.
Beslaget stammar frå pengar som er stolne frå spelet Axie Infinity, og framover vil vi kommunisere med selskapet Sky Mavis slik at dei fornærma får pengane tilbake i størst mogleg grad.
Økokrim er fornøgd med samarbeidet med FBI og det amerikanske justisdepartementet i denne saka.