Ein 61-åring og ein 29-åring frå Ski er dømde til høvesvis fengsel i to år og fengsel i eitt år og åtte månadar av Oslo tingrett for tre grove lånebedrageri på om lag 8,5 millionar kroner og tre forsøk på grove lånebedrageri på om lag fem millionar kroner. Dei vart og dømde for trygdebedrageri, og 61-åringen er i tillegg funnen skuldig i grov utroskap.

Dei to må betale erstatning til NAV og Husbanken, og 61-åringen får inndrege eit selskap i Gibraltar som eig ei leilegheit og to garasjeplassar i Spania.

Dommen er ikkje rettskraftig.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Geir Kavlie tlf. 410 24 592