”Fjellanlegget” er eit parkeringsanlegg i fjellet ved Tromsø by. Det var selskapet Trygg Parkering AS som bygde og dreiv dette anlegget.  ”Fjellanlegg-saka” har sitt utspring i Tromsø kommune sin avtale frå 2001 om overtaking av eigedelar og gjeld i Trygg Parkering AS. I samband med denne overtakinga vart kommunen påverka til å tru at gjelda i selskapet var større enn den var. Dermed utbetalte kommunen eit for høgt beløp til dekning av gjelda.

Tiltalen gjeld grovt bedrageri mot Tromsø kommune for til saman ca. 24,9 millionar kroner.

Kontaktperson i ØKOKRIM er politiadvokat Marianne Djupesland, tlf. 911 15 460.