Dei to tiltalte, begge menn i 50-åra, hadde leiande rollar i selskapet. Økokrim ser alvorleg på saka og meiner at etterforskinga har avdekt grove og systematiske brot på matlova gjennom fleire år. 


– Saka gjeld ulovleg sal av produksjonsfisk og sjølvdaud fisk. Det er eit alvorleg brot på mattryggleiken at det i fleire år systematisk har vorte seld laks som ikkje skulle gått til humant konsum, seier politiadvokat Kristian Johansen. 


Inndraging av millionbeløp 
Dei ulovlege handlingane førte til eit urettkome utbytte for selskapet på 28 millionar kroner. Økokrim har gjeve selskapet eit inndragingsførelegg for det ulovlege utbyttet. 


– Inndragingsførelegget speglar den økonomiske vinsten som selskapet har fått frå dei ulovlege handlingane til dei tiltalte, seier Johansen. 


Skadeleg for omdømet     
Tiltalen legg til grunn at det i åra 2018 til 2023 vart seld over 500 tonn med oppdrettslaks som ikkje var eigna som menneskemat, og som skulle vore destruert. Dette omfatta mellom anna sjølvdaud og tydeleg kjønnsmoden fisk. Laksen vart seld til fleire kundar i Noreg og utlandet til ein verdi av om lag 23 millionar kroner. 


I tillegg vart det i åra 2020 til 2023 eksportert meir enn 300 tonn produksjonsfisk til ein kunde i Tyskland for ein verdi av om lag 24 millionar kroner. Produksjonsfisk er fisk med sår og misdanningar som skulle vore feilretta og foredla i Noreg før eksport. 


– Økokrim meiner dei tiltalte sørgde for det ulovlege salet gjennom sine leiande rollar i selskapet. Ved å selje fisk som skulle vore destruert, meiner Økokrim at dei tiltalte har skada omdømet og interessene til selskapet. Eksport av produksjonsfisk til utlandet kan også skade omdømet til norsk laks, seier Johansen. 

På oppdrag frå Økokrim har Mattilsynet og Havforskingsinstituttet undersøkt ein andel av partiet med ulovleg laks, som stod på fryselageret til selskapet. Dette var laks som anten var tiltenkt omsetjing eller var kalla tilbake frå ein kunde i utlandet. 


– Under etterforskinga av saka har Økokrim hatt eit godt samarbeid med Mattilsynet og Havforskingsinstituttet. Undersøkingane dei har gjort, stadfestar at saka gjeld oppdrettslaks som ikkje var eigna til menneskemat, seier Johansen. 

Selskapet har vedteke førelegget.