Dommen gir signal om at også den som kjøper av seriøs antikvitetshandlar kan måtte utføre eigne undersøkingar om opphavet til gjenstanden for å unngå heleriansvar. Kjøparen i denne saka hadde gode kulturhistoriske kunnskapar, og han visste at inventaret kom frå ein freda bygning. Han burde då forsikra seg om at undersøkingane til antikvitetshandlaren omfatta spørsmål til vernefullmaktene - det "var uforsvarleg av han å la eigne undersøkingar liggje".

Gjenstandane - eit skatoll, eit framskap, eit matskap og veggbenker – blir inndratt frå hytteeigaren. Lagmannsretten si domfelling omfatta også to hyllar, to hjørneskap og ei klokke, men Høgsterett fann at dette ikkje var omfatta av fredinga.

Straffene for hovudmannen og antikvitetshandlaren blei som i lagmannsretten, fengsel på vilkår i høvesvis 30 og 21 dagar og 20 000 kroner i bot, mens hytteeigaren fekk 20 000 kroner i bot.

Kontaktperson i ØKOKRIM: Kst statsadvokat Tarjei Istad, telefon 996 24 976 / 23 29 10 00