Det er totalforbod mot hummarfiske frå januar til oktober. Likevel er hummarbestanden langs norskekysten på eit historisk lågt nivå og rapporteringar viser at det illegale fisket aukar i omfang i sommarferien. Både lokalbefolkning, tilreisande turistar og feriegjester utan kunnskap og/eller respekt for regelverket står bak. I distrikta driv dessutan lokale utøvarar eit utstrakt hummarfiske – eit fiske som truleg vert utført av ei mindre gruppe, men med større grad av profesjonalitet.

 

Bevaringstiltak

Fleire tiltak er sett i verk for å auke bestanden (minstemål, fluktopningar, fredingstid, og så vidare), men effekten har vore liten.

 

Informasjonskampanje og politiaksjon

Bak aksjonen står ØKOKRIM saman med seks politidistrikt (Østfold, Vestfold, Telemark, Agder, Rogaland og Hordaland) og Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Statens Naturoppsyn, Skjærgårdstjenesten og Friluftsetaten.

Målet med aksjonen er å redusere ulovleg hummarfiske gjennom allmennprevensjon, allmennopplysing ved utdeling av informasjonsmateriell og å avdekke ulovlege forhold, både ved beslag av utstyr og på fersk gjerning.

Utover sommaren 2011 skal det vere fleire kontrollar med det ulovlege fisket av hummar.

 

«Hummar-huskeliste»

Informasjonskampanjen frå Fiskeridirektoratet er retta mot fritidsfiskarar for å informere om kva for reglar ein må ta omsyn til under fredingstida:

  • Forbod mot ruser
    Sidan ruser er ein effektivt fangstreiskap for hummar, er det innført eit generelt forbod mot å bruke alle typar ruser på strekninga frå svenskegrensa til og med Møre og Romsdal i perioden frå 1. mai til 1. oktober.

Fiskeridirektoratet sine regionkontor kan gje dispensasjon frå ruseforbodet til fiskarar som skal fiske leppefisk for omsetnad.

  • Krav til krabbeteiner
    Krabbeteiner skal ha minst ei sirkelforma fluktopning på kvar side av teina. Opningane skal være minst 80 millimeter i diameter og skal vere plasserte på ein slik måte at hummaren lett kan ta seg ut. Slike fluktopningar held tilbake vaksen krabbe, men sikrar at hummar har muligheit til å røme frå krabbeteina.

Denne regelen gjeld krabbeteiner som er sett ut på strekninga mellom svenskegrensa og til og med Tysfjord kommune i Nordland fylke.

Krabbeteiner skal setjast på minimum 25 meters djup. Denne regelen gjeld frå svenskegrensa til og med Varnes fyr på Lista.

  • Slepp hummaren laus!
    Viss du likevel får hummar, skal du løyse den forsiktig frå reiskapen og sleppe den ut att i sjøen.

Reglar for hummarfiske i perioden 1. oktober – 31. desember finn du på http://www.fiskeridir.no/.

Regelverk og reaksjonar ved overskriding.
Ta kontakt for meir informasjon.

Kontakt i ØKOKRIM: Politioverbetjent Thomas Lauritzen, telefon 488 87 964 .