Bedrageriet fann sted i perioden 2000-2002 medan dei to drev ein privat videregåande skole som mottok statsstøtte. Det blei mellom anna gitt uriktige opplysningar om talet på elevar ved skolen, mellom anna blei det oppgitt elevar som aldri hadde meldt seg på undervisning ved skolen, eller ikkje følgde undervisning. Vidare blei det rapportert inn elever på studieretningar, fag/kurs og nivåer som skolen ikkje var godkjend for. Dette førde til at Staten betalte ut ca. 13 millionar kroner for mykje i offentleg støtte.
 
Straffa gjeld og tidlegare rettskraftig avgjort del av dommen frå Oslo tingrett om grov økonomisk utruskap og brot på aksjelova.
 
Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Elisabeth Roscher, tlf 932 19 628