Mennene utførte målaroppdrag ulike stader på Austlandet i 2020 og 2021. Verksemda gjekk føre seg gjennom to enkeltpersonføretak som var registrerte på to av døtrene til mannen, som på denne måten blei brukte som stråpersonar. Samla sørgde faren og sonen for at omsetninga frå målaroppdraga på over 8 millionar kroner ikkje blei oppgitt til skattemyndigheitene. 

Faren er no dømd til fengsel i to år, mens sonen er dømd til fengsel i 1 år og 8 månader.  I tillegg til fengselsstraff, er far dømd til inndraging av kontantar og tre Rolex-klokker. Sonen er dømd til inndraging av to Rolex-klokker, ein Mercedes AMG Roadster og eit krav på over 1,6 millionar kroner. Total inndraging beløper seg til over 4 millionar kroner. Dei domfelte har hatt eit høgt forbruk trass i at dei aldri har oppgitt verken inntekter eller formue til det offentlege.  

Alvorleg arbeidslivskriminalitet
Saka er ein av dei første dommane i ei rekkje saker som Skatteetaten har meldt til politiet, der gjerningspersonane nyttar enkeltpersonføretak i ein kortare periode når dei utfører handverkstenester.

–  Dommen inngår i Økokrim sitt eige arbeid mot arbeidslivskriminalitet, og vi har fleire straffesaker til behandling. Dette er eit område som er høgt prioritert i Økokrim, og der det er svært viktig å reagere strengt når straffbare handlingar blir avdekte, seier fungerande assisterande sjef for Økokrim, førstestatsadvokat Petter Nordeng.

Felles for sakene er at føretaka skaffar kundar gjennom oppsøkande verksemd eller anbodstenester. Innehavaren av føretaket er ofte ein stråperson, og dei fører verken rekneskap eller rapporterer meirverdiavgift og skatt til offentlege myndigheiter. Føretaka har ikkje registrerte tilsette og nyttar utanlandsk arbeidskraft. 

–  Det er veldig bra at alvorleg skattekriminalitet både fører til fengselsstraffer, og at dei kriminelle blir fråtekne utbyttet når dei bryt lova. Arbeidet mot arbeidslivskriminalitet er eit felles samfunnsansvar, og det er viktig at forbrukarane òg er sitt ansvar bevisst og tek så velinformerte val som mogleg, seier divisjonsdirektør Odd Woxholt i Skatteetaten.

Døtrer blei brukte som stråpersonar
Det går fram av dommen at døtrene blei nytta som stråpersonar ved at enkeltpersonføretaka var registrerte på dei. Dei tiltalte opererte òg med ei rekke ulike namn.  Dette gjorde det vanskeleg og ressurskrevande å avdekke kven som hadde vore på kva slags oppdrag.

Fleire titals kundar oppfatta føretaka som seriøse. Kundane blei fakturerte med meirverdiavgift og betalte via bank. Dei tiltalte gjekk langt i å skape inntrykk av at dei dreiv ei seriøs verksemd og betalte meirverdiavgift. Dette meinte retten var klart straffeskjerpande når heile verksemda var svart. 

–  Saka viser kor vanskeleg det er for kundar å oppdage useriøse aktørar i marknaden, seier aktor i saka, politiadvokat i Økokrim Maja Salhus Røed. 
–  Sei nei til handverkarar som kjem på døra, og sjekk rettleiaren vår for kjøp av handverkartenester, avsluttar Woxholt i Skatteetaten.

Dommen er anka av begge dei domfelte . 

Kontakt: 
Økokrim:
kommunikasjon.okokrim@politiet.no
23 29 10 30 (08.00–15.45)

Skatteetaten: 
presse@skatteetaten.no 
945 01 000 
Tettpå (skatteetaten.no/tettpa)