Da saka blei førd i tingretten, blei ansvarleg partner på revisjonssoppdraget dømd til fengsel i 30 dagar, etter å ha innrømma mangelfull revisjon. Denne delen av saka er rettskraftig og dommen er sona. Revisjonsselskapet blei elles frifunnen for føretaksstraff, noe som og blei resultatet i lagmannsretten, men der med dissens 2-1.
Fleitalet i Lagmannsretten grunngjev i hovudsak frifinninga med at det er vanskeleg å finne noe konkret å klandra selskapet KPMG for. Når det ikkje føreligg realistiske handlingsalternativer for selskapet, meiner lagmannsretten at den preventive effekten av føretaksstraff vil svekkjast, og at føretaksstraff vil verka mot sitt føremål.
Mindretallet meiner at allmennpreventive omsyn tilseier føretaksstraff når svikta i revisjonen skuldast at ein ikkje har fulgt manualar på eit sentralt område i revisjonen (nærståandetransaksjonar), noe som er vanskeleg å regulere ved generelle retningslinjer.
Økokrim vurderer å anke dommen til Høgsterett.
Kontaktperson i Økokrim: politiadvokat Mona Berget, tlf 928 18 425.
Økokrim si anke i saka mot KPMG forkasta
Saka gjeld føretaksstraff på 13 millionar kroner for revisjonsselskapet som var ein av revisorane i Finance Credit-systemet.
Denne artikkelen er over 15 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.