Dommen avklarar eit hittil uavklart spørsmål om straffutmåling i saker om økonomisk utruskap.
Kvitvaskingsoperasjon
Mannen vart i tingretten dømd til fengsel i 2 år og 5 månadar for grov økonomisk utruskap av ca. 8 millionar kroner, grov kvitvasking av ca. 1,2 millionar kroner og grovt rekneskapslovbrot.
Den økonomiske utruskapen skjedde i all hovudsak som ledd i ein større kvitvaskingsoperasjon der den domfelte etter avtale med kundar i byggjebransjen skreiv ut fiktive fakturaar til kundane for konsulenttenester som ikkje var levert.
– Betalinga vart så teken ut i kontantar og dels betalt attende til kundane, dels fordelt mellom den domfelte og mellommenn som betaling for den fiktive fakturaverksemda, seier politiadvokat Marthe Stømner Smestad i Økokrim.
Skal straffast like strengt
Den domfelte meinte at lovbrota ikkje skulle straffast like strengt som når legale verksemder vert "tappa" for pengar, ettersom aksjeselskapa ikkje hadde noko reell inntekt og difor heller ikkje leid noko reelt økonomisk tap. Borgarting lagmannsrett sa seg ueinig og forkasta anken frå den domfelte. Avslaget grunngav retten slik:
"Etter lagmannsrettens syn er denne formen for økonomisk kriminalitet ikke mindre straffverdig enn å tappe et selskap for penger. I begge situasjonene pågår det virksomhet som klart strider mot selskapets interesser og som er svært samfunnsskadelig."
Dommen gjev ei viktig avklaring av eit hittil uavklart straffespørsmål.
– Dommen viser at økonomisk utruskap i form av å utnytte eit aksjeselskap til å skrive ut fiktive fakturaar og "sluse" pengar gjennom, som ledd i kvitvasking, skal straffast like strengt som utruskap i form av å "tappe" ei elles legal verksemd for pengar. Dette er ei viktig rettsavklaring, seier Smestad.
Kriminalitet tilslørt gjennom legale strukturar
Fiktiv fakturaverksemd unndreg statskassa for skattar og avgifter og vrir konkurransen til skade for dei som driv med lovleg verksemd.
– Økokrim er samd med retten i at allmennpreventive omsyn må vektleggjast tungt ved utmåling av straff for denne forma for økonomisk utruskap, seier Smestad.
Slik kriminalitet er vanskeleg å avdekke fordi lovbrytarane nyttar legale strukturar for å skjule kriminaliteten. Ikkje sjeldan er det også ei blanding av legal og fiktiv verksemd i selskapa, og det kan være utfordrande å prove kor stor del av midla som kjem av kva.
– At økonomisk utruskap ved legal og fiktiv verksemd vert likt straffa, er sentralt for å motarbeide kriminaliteten på ein effektiv måte, seier Smestad.
Den domfelte anka straffutmålinga til Borgarting lagmannsrett, som forkasta anken. Den domfelte anka vidare til Høgsterett, som nekta anken fremja.
Dommen er rettskraftig.
Kontakt:
Marthe Stømner Smestad
Politiadvokat i Økokrim
kommunikasjon.okokrim@politiet.no
23 29 10 30 (08.00-15.45)