Tiltalen gjeld aktlaust grovt skattesvik for åra 2015 til 2019.

Truar inntektsgrunnlaget til velferdsstaten
Kvinna har i perioden drive næringsverksemd som lege og var samtidig eigar av og styreleiar i to selskap. Gjennom desse føretaka meiner Økokrim at kvinna fekk utbetalt utbytte som ikkje blei oppgjeve til skattlegging. Tiltalen byggjer òg på at kvinna skal ha levert inn skattemeldingar for selskapa med fiktive varekostnader og fiktivt underskot, noko som førte til unndregen skatt. 

Økokrim meiner at kvinna har gjeve ukorrekte og ufullstendige opplysningar i skattemeldingar for inntektsåra 2015 til 2019. Unndregen skatt for alle åra utgjer til saman ca. 3,2 millionar kroner.  

– I dette tilfellet er skattesviket grovt fordi det er snakk om eit stort beløp av unndregen skatt, og fordi dette har gått føre seg over fleire år. Å unndra skatt er alvorleg fordi det truar inntektsgrunnlaget til velferdsstaten og undergrev den norske velferdsmodellen, seier politiadvokat i Økokrim Kristian Johansen. 

Sjølvstendig ansvar som skattytar
Kvinna skal ha nytta ein rekneskapsrådgjevar som no er daud, til å utarbeide fleire av skattemeldingane. Alle som i næring tek på seg å føre rekneskap for andre, skal vere autoriserte av Finanstilsynet. Rekneskapsføraren blei fråteken revisorbevillinga i 2000 og autorisasjonen som rekneskapsførar i 2013. 

– Bruk av ein rådgjevar til å utarbeide skattemeldingar fritek ikkje skattytaren for ansvar. Som skattytar har du eit sjølvstendig ansvar for å kontrollere at innleverte skattemeldingar er korrekte, seier Johansen. 

Bakgrunnen for saka: 
Skatteetaten gjennomførte kontroll av tiltalte og selskapa hennar. I forkant av dette hadde Skatteetaten gjennomført kontroll av rekneskapsrådgjevaren hennar og plukka ut fleire av klientane for vidare kontroll. Skattesviket blei meldt til Økokrim 02.11.2021.
 

Kontakt:
Kristian Johansen
Politiadvokat i Økokrim 
+47 93095743

kommunikasjon.okokrim@politiet.no 
23 29 10 30 (08.00-15.45)
 

Relevante saker:
•    https://www.okokrim.no/mann-doemt-til-fengsel-for-grovt-skattesvik.6656608-549344.html