Ubetalt skatt på over 8 millionar kroner  
Frå 2009 til 2020 skal den tiltalte mannen i lange periodar ha opphalde seg i Noreg og jobba som lege ved eit medisinsk senter, samstundes som han hadde bustadadresse i Spania. I desse åra unnlet han å melde inn til det norske skattevesenet inntekter på til saman ca. 18 millionar kroner. Den unndregne skatten er på grunnlag av dette utrekna til ca. 8,2 millionar kroner. 

– Økokrim framhevar i si trusselvurdering at velferdsstaten i stor grad er finansiert gjennom skattar og avgifter på inntekt, forbruk og formue. Skattesvik er alvorleg fordi det trugar finansieringsgrunnlaget til velferdsstaten, seier politiadvokat i Økokrim, Anne Line Grøstad. 

Dreiv eiga legeverksemd i Noreg 
Mannen er i tillegg tiltalt for grove brot på bokføringslova fordi han unnlet å sørge for løpande bokføring i næringsverksemda han dreiv i Noreg.


– Mannen har unnlate å opplyse om inntekter i ei årrekkje. I dette høvet er skattesviket grovt fordi det er snakk om eit stort beløp av ubetalt skatt, og fordi dette har halde fram over fleire år. Å unndra skatt er alvorleg, og i denne saka er det også snakk om relativt høge beløp, seier politiadvokat i Økokrim, Anne Line Grøstad. 

Strafferamma for grovt skattesvik og grovt rekneskapsbrot er 6 års fengsel.

Kontakt:
Anne Line Grøstad
Politiadvokat i Økokrim 
tlf: 979 80 171

kommunikasjon.okokrim@politiet.no
23 29 10 30 (08.00-15.45)