Høyr leiaren i i Eininga for finansiell etterretning (EFE) i ØKOKRIM, Sven Arild Damslora, i radioprogrammet Ekko hos NRK (lenke)

ØKOKRIM har som oppgåve å ta imot og behandle rapportar om mistenkelege transaksjonar frå ulike rapporteringspliktige. I 2017 auka talet på rapportar om mistenkelege transaksjonar frå 8779 til 8953. I 2016 auka talet på rapportar om mistenkelege transaksjonar frå 4714 til 8779. Damslora i Eininga for finansiell etterretning (EFE) i ØKOKRIM sa den gang at auken mellom anna skuldast betre kunnskap og medvit hjå dei rapporteringspliktige og ikkje meir kriminalitet.

Til dømes bankar, revisorar, rekneskapsførarar, eigedomsmeklarar, juvelhandlarar og bilforhandlarar er rapporteringspliktige. Rapporteringsplikta skal gjere det enklare å avdekkje profittmotivert kriminalitet og hindre at til dømes finansinstitusjonar og andre rapporteringspliktige vert nytta til kvitvasking.

Les meir om kvitvasking her (lenke)