I følgje tiltala blei det utstedt uriktige faktura og andre legitimasjonsdokument i samband med eksporten, men Bergen tingrett fann at dei tiltalte ikkje hadde utvist tilstrekkeleg skuld til å kunne dømast.
Det var etter ein samordna aksjon mellom Fiskeridirektoratet, Skatteetaten, Tollvesenet og ØKOKRIM at fleire saker blei etterforska. Til no er tre personar dømt og ei verksemd dømt, og to verksemder har vedteke førelegg i tilsvarande saker.