Begge skipa har operert som bøyelastarar i Nordsjøen i ei årrekkje. Av kommersielle grunnar kan ein ikkje nytte skipa i Nordsjøen når dei er eldre enn 20 år. Skipa fekk difor ikkje forlenga kontraktane sine, og segla frå norske farvatn i mars og juli 2018, kort tid før dei fylte 20 år. Begge skipa vart hogde opp på stranda i Alang i India. Denne typen hogging av skip kallast "beaching". Då køyrer ein skipa opp på ei strand for eiga maskin, der dei så vert hogde opp i fjæra. Skraping av utrangerte skip er eit stort, internasjonalt miljøproblem. 
 
Hogging av skip på strender i Asia har svært store negative miljøkonsekvensar, mellom anna for dei lokale økosystema. Hogginga slepp ut skadelege stoff, til dømes tungmetall. Ein veit ikkje om farleg avfall frå slik skipshogging vert behandla forsvarleg når skipa er demonterte, og verksemda er farleg, med stor risiko for arbeidsulukker. 
 
Økokrim ser alvorleg på at norskopererte, utrangerte skip, og avfalls- og miljøutfordringane som følgjer med desse skipa, vert eksporterte til utviklingsland med langt svakare lovgjeving enn Noreg for slikt, og der ein heller ikkje i same grad følgjer regelverket som finst, seier politiadvokat Maria Bache Dahl i Økokrim.
 
Selskapet har fått to veker på seg til å vurdere om de vedtek førelegget.
 
Kontaktperson:
Politiadvokat Maria Bache Dahl 
mobil 90519092.