I 2008 blei det sendt inn omsetnadsoppgåve frå tre selskap der det blei kravt  frådrag for inngåande avgift med til saman cirka fem millionar kroner i samband med kjøp av eit vareparti som i ut i frå kjøpekontrakt/faktura skulle vore omsett mellom dei tre selskapa. Varepartiet var skildra og skulle innehalde 12 000 par sko, 7500 bilete, 2500 merkeklede, 1000 møbel, 40 000 merkesolbriller og ein million diverse gjenstandar. Ei måleri av kunstnaren Anders Zorn (”Vårt daglege brød”) utgjorde vederlaget i ein av kontraktane. Måleriet har til orientering hengt på Nasjonalmuseet i Stockholm sidan 1886.

Retten fann at det ikkje var nokon realitet i dei dokumenta som var meint å skulle legitimere frådraget og at selskapa såleis hadde lurt staten.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Lene Hammersland, tlf 970 51 599