Mennene var med på jaging av ein bjørn i Flenåsen Øst i Trysil i juni 2008 ved hjelp av hund, peilar og bil. Den eine medvirka og uaktsomt til sjølve fellinga av bjørnen. Dei fekk fengselsstraff på vilkår på høvesvis 30 og 21 dagar, samt tap av rett til jakt og fangst i eitt år. I tillegg blei dei dømde til å tole inndraging av våpen.

Hovudmannen i saka er tidlegare dømt til 90 dagar i fengsel og tap av retten til å drive jakt og fangst i tre år. I tillegg blei han dømt til inndraging av to våpen og dømde til å betale 35 000 kroner i erstatning til Viltfondet. Dommen for hovudmannen er rettskraftig.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Aud Slettemoen tlf.488 87 972.