Lagmannsretten har dermed kome til eit heilt anna resultat enn tingretten som frifann dei tre tiltalte. I dommen frå lagmannsretten heiter det: «Ved straffutmålinga tar lagmannsretten utgangspunkt i at allmennpreventive omsyn tilseier at det bør bli reagert strengt mot denne typen brotsverk. Innsidehandel er svært skadeleg for tilliten til verdipapirmarknaden og er vanskelig å avdekkja. Lagmannsretten meiner at eit strengt straffenivå er særleg viktig med tanke på å forebygge denne typen kriminalitet». Dei domfelte måtte også tole inndraging av vinninga og betale sakskostnadane.
Kontaktperson i ØKOKRIM:statsadvokat Henrik Horn, tlf 916 84 157