Investoren unnlét å føre opp inntekt på til saman om lag 18 millionar kroner. Pengane kom frå eit selskap registrert på British Virgin Island, og blei sette inn på ein konto i Singapore. Slik drog han unna skatt for om lag 5 millionar kroner. Lagmannsretten la i skjerpande retning vekt på at handlinga blei utført på ein måte som gjorde henne særleg vanskeleg å oppdaga. Retten meinte at det var viktig av allmennpreventive omsyn å reagere med ei bot i tillegg til fengselsstraffa, og at ein hadde teke tilstrekkeleg omsyn til økonomien til den domfelte.
Tidlegare er seks andre dømt til fengselsstraff i det same sakskomplekset.
Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Trude Stanghelle, tlf. 928 06 758.