Det rettslege hovudspørsmålet i saka var når forhandlingar om framtidige viktige hendingar kan utgjere innsideinformasjon. I dommen av 19. august 2014 kom Oslo tingrett til at slike forhandlingar kan vere innsideinformasjon allereie når det er realistisk mogleg at hendinga vil inntreffe. Domstolen uttalar at dette ikkje inneber noko krav om sannsynsovervekt for at hendinga vil inntreffe.
Om listeføringsplikta skriv Oslo tingrett vidare: "…Listeføringsplikten etter verdipapirhandelloven § 3-5 skal sikre at børsnoterte selskaper holder oversikt over hvem som mottar innsideinformasjon, at mottakerne er innforstått med de forpliktelser det fører med seg å motta innsideinformasjon og at innsideinformasjon ikke gis til uvedkommende. Dette skal samlet sett bidra til å redusere faren for misbruk av innsideinformasjon og slik styrke tilliten til markedet. Det er dermed av stor betydning at slike lister føres…"
Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Henrik Horn, tlf. 916 84 157