Alle dei tiltalte blei dømd til å betale erstatning, men erstatningskravet blei lempa fordi retten kom til at banken burde gjort nærmare undersøkingar. Retten uttalar at det er klart at lånet ikkje hadde blitt betalt ut om banken hadde hatt betre kontrollrutinar og følgt desse.
Bedrageriet skjedde i samband med kjøp av ein eigedom på Austlandet. Mannen ordna finansiering via Christer Tromsdal og forsømte å opplyse banken om at kjøpesum i lånesøknaden var urett.
Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Trude Stanghelle, tlf. 928 06 758.