Totalt blei 423 nordmenn bedregne av dei internasjonale svindlarane. Dei rumenske gjerningspersonane er dømde til 3,5 år og 4,5 år i fengsel for grove bedrageri og ID-tjuveri. 

Målretta svindelforsøk
Svindlarane retta bedrageria mot norske brukarar av Statens vegvesen sin sjølvbeteningsportal for kjøp og sal av køyretøy. Dei domfelte brukte teknisk avanserte hjelpemiddel for å skjule spora sine på internett og forsøkte med dette å tappe uvitande offer for meir enn 10 millionar kroner. 

Økokrim opna etterforsking i saka etter at Statens vegvesen hadde meldt saka til dei. Ei grundig etterforsking resulterte i ein storaksjon i Romania. Dei domfelte blei pågripne og utleverte Noreg for vidare straffeforfølging.

– Digitale bedrageri kjenner ingen landegrenser. Økokrim ser ein drastisk auke i kriminaliteten, både i omfang og alvorsgrad. Denne saka markerer ei ny tid for kampen mot digital kriminalitet. Politiet blir stadig betre på etterforsking av digitale bedrageri og kriminalitet som skjer på tvers av landegrenser, seier konstituert statsadvokat Jon Andre Hvoslef-Eide i Økokrim.

Dommen sender eit viktig signal 
Etter dom i tingretten anka den eine domfelte straffutmålinga til lagmannsretten. Lagmannsretten har no forkasta anken, og dommen er dermed rettskraftig. Svindlarane må no fortsette å sone fengselsstraffa dei fekk i fjor sommar på 3,5 år og 4,5 år i fengsel. 

– Dommen viser at det er mogleg å avsløre gjerningspersonar i store svindelsaker, uansett kva land dei opererer frå. Kriminelle som rettar verksemda si mot norske borgarar, skal ikkje vere trygge. Dommen sender eit viktig signal til kriminelle grupper om at det er stadig aukande risiko for å bli teken, og at straffene er strenge, seier Hvoslef-Eide.

 

Kontakt: 
23 29 10 30 (08.00-15.45) 
kommunikasjon.okokrim@politiet.no
 

Relevante saker:
•    https://www.okokrim.no/doemt-til-fengsel-etter-aa-ha-svindlet-nordmenn-fra-romania.6679164-549344.html
•    https://www.okokrim.no/sentenced-to-imprisonment-for-scamming-norwegians-from-romania.6679220-549344.html
•    https://www.okokrim.no/oekokrim-har-aksjonert-mot-organiserte-svindlere-i-romania.6624466-549344.html
•    https://www.okokrim.no/oekokrim-har-tatt-ut-tiltale-mot-to-rumenske-menn-for-grovt-bedrageri-og-id-tyveri.6668174-549344.html