Hålogaland lagmannsrett legg mellom anna vekt på at anlegget var i ei overvåkingssone for infeksiøs lakseanemi (ILA), og at dagleg leiar er ein røynd oppdrettar. Retten skriv at reglane om helsekontroll og varsling er "sentrale i bekjempelse av fiskesykdommer og spredning av disse". ØKOKRIM anka saka til lagmannsretten etter at selskapet vart frifunne i tingretten.
Det var Mattilsynet som melde saka til politiet i oktober 2015, og ØKOKRIM tok over saka i desember 2016.
Dommen er ikkje rettskraftig.
Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Tarjei Istad, telefon 99 62 49 76